St.meld. nr. 48

(2002-2003)

Kulturpolitikk fram mot 2014

Tilråding frå Kultur- og kyrkjedepartementet av 29. august 2003,
godkjend i statsråd same dagen.
(Regjeringa Bondevik II)

 

13 Litteratur

13.8 Tilrettelagd litteratur

Den statlege innsatsen for å leggja til rette litteratur for folk med lesevanskar har fyrst og fremst vore innretta mot synshemma. Perspektivet bør utvidast også til andre grupper.

Eit av tiltaka i Lydbokprosjektet var å leggja til rette for produksjon av tilrettelagde lydbøker. Det vart utgjeve 20 titlar med forenkla tekst og redusert innlesingsfart. Men tilrettelagd litteratur er meir enn spesielle lydbøker og gjeld mange ulike typar funksjonshemming: syns- og hørselshemming, rørslehemming, utviklingshemming, afasi, dysleksi og andre tilstandar som gjer det svært vanskeleg eller umogeleg å nytta seg av den vanlege boka.

Om lag 20 pst., dvs. ca. 900 000 menneske, har problem med å lesa og forstå innhaldet i ein vanleg tekst. Ca. 2 pst., dvs. 90 000 menneske, klarar ikkje å ta imot informasjon gjennom tekst. Problema spenner frå lette lesevanskar til manglande evne til å oppfatta eller sjå bokstavar og ord. Tilrettelagd litteratur er spesialprodusert for menneske som ikkje i det heile eller berre i liten grad kan nytta vanleg litteratur. Det kan vera følebøker, lydbøker/spesialinnlesingar, punktskriftbøker, bøker med storskrift, lettlestbøker, videobøker m.m.

Foreininga Leser søker bok har sett nytt søkjelys på desse problemstillingane. Bak foreininga står Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere, Norske grafiske designere og illustratører, Den Norske Forleggerforening, Institutt for spesialpedagogikk ved Universitetet i Oslo, Pensumtjeneste, Funksjonshemmedes fellesorganisasjon, Den norske Forfatterforening, Lettlest forlag, Synshemmede akademikeres forening, Lydbokforlaget og Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek.

Innanfor kvar målgruppe vil lesarar på ulike alderstrinn ha behov for bøker på ulikt nivå. Og det skortar særleg på tilrettelagd litteratur for vaksne. Tilrettelagde bøker er tunge å driva fram, både av di forfattarane ikkje kjenner målgruppene, og av di sjølve produksjonen kan vera svært kostbar og tidkrevjande. Produksjon av ei følebok kan kosta mellom kr 350 000 og kr 500 000, og opplaget ligg truleg mellom 700 og 1000 eksemplar. I neste omgang kjem utfordringane kring sal og marknadsføring av bøkene til brukargruppene. Dette er nok viktigaste årsaka til at det vert produsert svært få tilrettelagde bøker.

Leser søker bok har fått ei eingongsløyving på 2 mill. kroner frå Sosial- og helsedirektoratet for 2002-2003.

Norsk kulturråd kjøper inn 1550 eksemplar av lettlest-bøker for born og unge og 1000 eksemplar av slike bøker for vaksne. For ekstra kostbare bøker, som følebøker, som i utgangspunktet har fått produksjonsstøtte, vert det kjøpt inn 500 eksemplar.

Til samanlikning har Sverige hatt sitt Centrum för lättlest frå 1968. Regjeringa har utarbeidd vedtektene og oppnemner styret. Verksemda er finansiert ved statlege tilskot og forretningsverksemd. Omsetninga var i 2000 om lag 27 mill. svenske kroner, og av dette utgjorde statsstøtta om lag 14 mill. Stiftinga gjev ut avis som tilsvarar Klar Tale, lettlest-litteratur (skjønn- og faglitteratur), og ho har postordrebokhandel. Sverige har òg 2500 leseombod, som har ansvaret for å syta for lesehjelp i institusjonar, bustader for funksjonshemma, på arbeidsplassar og for einskildpersonar. Det er òg ei rekkje andre tiltak for desse gruppene, inkludert Det lätta priset, som kan delast ut til person eller organisasjon for fortenestefullt arbeid for auka forståing innanfor eit kunstnarleg område.

Dette er eit oppgåvekompleks som vedkjem fleire departement. Det er viktig å få i stand ein god og løpande dialog mellom desse og relevante interesseorganisasjonar, mellom anna for å få vurdert korleis det betre kan leggjast til rette for utvikling, produksjon og formidling av tilrettelagd litteratur for alle former for lesehemmingar.